Levanger kommune

kommune i Trøndelag

Levanger kommune (sørsamisk: Lievangken tjïelte) ligg i Trøndelag fylke. Han grensar i nordaust mot Verdal, i sør mot Stjørdal og i sørvest mot Frosta. Over Trondheimsfjorden ligg Inderøy kommune. Det som i dag er Levanger kommune er eit resultat av kommunesamanslåingsprosessen i 1962 og 1964, og var tidlegare kommunane Levanger, Skogn, Frol, Åsen og Ytterøy.

Levanger kommune
kommune
Kirkegata i Levanger.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Levanger
Areal 645 km²
 - land 611 km²
 - vatn 34 km²
Folketal 20 344 (1. januar 2023)
Målform nøytral
Ordførar Anita Ravlo Sand (Sp)
Kommunenr. 5037
Kart
Levanger
63°44′45″ N 11°17′60″ E
NO 5037 Levanger.svg
Wikimedia Commons: Levanger Municipality
Nettstad: www.levanger.kommune.no

Byen Levanger ligg ved Trondheimsfjorden. Han har hatt bystatus to gonger, fyrst frå 1836 og fram til kommunesamanslåinga i 1962, deretter fekk han igjen bystatus i 1997. Hovudnæringar i kommunen er jordbruk med sine 120 km² med jordbruksareal, industri og offentleg verksemd.

NæringslivEndra

Det finst spor av handel i Levanger-området heilt frå jarnalderen. Byen ligg sentralt, med tilgang til sjøen, veg og jarnbane til Jamtland i Sverige og Trondheim i sør.

Den viktigaste industriverksemda i Levanger kommune er Norske Skogs papirfabrikk som sysselset om lag 650 årsverk på tettstaden Skogn. Gjennom 1990-talet har det vore freistnader på å byggje eit gasskraftverk i tilknyting til papirfabrikken, noko som vart godkjent av Stortinget. Planane er igjen aktuelle etter at gassrøyrleidning inn Trondheimsfjorden ser ut til å koma på plass (2005).

Sjukehuset Levanger har om lag 1000 årsverk, og er såleis den største einskildverksemda i fylket.

Kjende personar frå LevangerEndra

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra