Knute Rockne
Knute Kenneth Rockne (4. mars 1888–31. mars 1931) var ein norsk-amerikansk utøvar og trenar innan amerikansk fotball.
Knute Rockne | |
![]() | |
Fødd | 4. mars 1888 Voss |
Død | |
Yrke | head coach, amerikansk fotball-spelar, forretningsdrivande |
Knute Rockne på Commons |
Han var fødd Knut Rokne på Voss og emigrerte alt som barn til Chicago i Illinois, USA. Han arbeidde som laboratorieassistent hjå Julius Arthur Nieuwland ved University of Notre Dame, men sa frå seg vidare arbeid innanfor kjemi etter å ha fått tilbod om å verta fotballtrenar. Han hadde sjølv i åra 1910-1913 spela amerikansk fotball på universitetslaget, utan å merkja seg ut i særleg grad før dei to siste åra. Han gifte seg i 1914 med Bonnie Gwendolyn Skiles, og dei fekk fire born saman; Bill, Knute jr., Mary Jean og Jack.
FotballtrenarenEndra
Som hovudtrenar for «The Fighting Irish», laget til University of Notre Dame i South Bend i Indiana frå 1918 til 1930 såg Rockne laget sitt sigra i 88,1 % av alle kampane sine, ein sigersprosent som ikkje noko lag seinare har overgått. I dei 13 åra Rockne var hovudtrenar, hadde laget 105 sigrar, 12 tap og fem uavgjorte kampar. Det vann seks nasjonale meisterskap og var ubesigra i fem sesongar.
Rockne innførte ei oppstilling kjend som «shift», der bakdelen av laget byrja i ei T-oppstilling før dei gjekk til eine eller andre sida rett før ballen blei teken. Han gjorde også framoverpasningar populære.
ReklamearbeidEndra
Knute Rockne var også klar over underhaldningssida ved college-idretten, og knytte band til media for å få gratis reklame for laget sitt. Han samarbeidde også med den lokale bilfabrikanten Studebaker frå 1928, mest med sals- og marknadsføringsoppgåver. Tidleg i 1931 marknadsførte Studebaker ein bil med namnet til Rockne, «Studebaker Rockne Sedan Six 65». Modellen var i produksjon fram til 1934, og det vart laga i alt 30 239 bilar. Av desse kom om lag 100 til Noreg.
FlystyrtenEndra
Rockne døydde i ein flystyrt nær Cottonwood Falls i Kansas på veg for å delta i produksjonen av filmen The Spirit of Notre Dame. Han er gravlagd på Highland Cemetery i South Bend. Studentane sin idrettsbygning på universitetet har fått Rockne sitt namn, likeeins ei gate i South Bend, og eit par andre stader i Kansas og Indiana.
AnnaEndra
- Knute Rockne vart portrettert i filmen Knute Rockne, All American i 1940, med Ronald Reagan i ei av rollene.
- Ein bronseskulptur av Knute Rockne, laga av biletkunstnaren Jerry McKenna, vart avduka med kunstnaren Jerry og son til Knute, Jack Rockne, tilstades på Voss 31. mars 2006, på 75 årsdagen for Knute Rockne sitt dødsfall.
- I 1988 gav det amerikanske postverket United States Postal Service ut eit frimerke til minne om Rockne.
KjelderEndra
- Delar av denne artikkelen bygger på «Knute Rockne» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2009.