Kožara (serbisk Кожара) er ei elveøy (ada) i Serbia på venstre breidda til Donau. Øya høyrer til byen Beograd og kommunen Palilula.

Kožara er forma som ein trekant og ligg i Banat-delen av kommunen, mellom Donau og Jojkićev Dunavac-kanalen. Kožara dekkjer eit område på 0,44 km² og namnet på serbisk tyder « lêr(øya)».

Øya er utsett for flaum og er fullstendig dekt av myrområde og skog. Her er ingen innbyggjarar.

Øya er ein uforstyrra stad med eit naturleg dyreliv, berre om lag 600 meter frå den eldste delen av Beograd. Trass i dette har styresmaktene i byen lagt fram planar om at øya ein gong skal byggast ut.

Kjelder endre