Kochi
Kochi (tidlegare Cochin) er ein hamneby på Malabarkysten i den indiske delstaten Kerala. Han ligg i Ernakulam distrikt midtvegs i delstaten, og er også kjend som Ernakulam. Han har 677 381 innbyggjarar (2011),[1] og er den tettast folkesette byen i Kerala. Storbyområdet rundt byen husar 2,1 millionar i eit areal på 440 km², noko som gjer det til det folkerikaste byområdet i Kerala.
Kochi | |||
by | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Stat | Kerala | ||
Distrikt | Ernakulam | ||
Areal | 94,88 km² | ||
Folketal | 677 381 (2011) | ||
Kochi 9°58′00″N 76°17′00″E / 9.9666666666667°N 76.283333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Kochi, Kerala |
Kochi er blitt kalla 'Dronninga av det arabiske havet', og var eit viktig handelssenter for krydder frå 1300-talet av. I 1503 blei Kochi okkupert av det portugisiske imperiet som den første av dei europeiske koloniane i India. Han var hovudsete for Portugisisk India til 1530, då Goa overtok denne rolla. Seinare blei Kochi teken over av det nederlandske imperiet og til slutt britane. Kongedømet Cochin blei ein vasallastat.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Profile of Kochi». Kochi Municipal Corporation. Henta 15. august 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Kochi» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2019.