Britisk India (en. British India eller British Raj) er ei nemning på Storbritannia sitt tidlegare koloniveldedet indiske subkontinentet. Gjennom ei avgjerd i det britiske parlamentet den 2. august 1858 vart Britisk India formelt skipa, og lagd inn under den britiska krona. Avgjerda fekk verknad frå 1. november same år. Før dette hadde forvaltinga av dei britisk-okkuperte områda vore sett ut til det britiske austindiske kompaniet. Den britiske koloniadministrasjonen vart gjerne kalla British Raj, og området vart etter kvart sagt å vera juvelen i krona til det britiske imperiet. Britisk India vart løyst opp i tida etter andre verdskrig, då området vart delt opp i ei rad sjølvstendige statar.

Sørasiatisk historie

Mohenjo-daroJinnah og GandhiAkash-missil

Steinalder 70 000–3300 f.Kr.
Mehrgarhkulturen • 7000–3300 f.Kr.
Induskulturen 3300–1700 f.Kr.
Sein harappakultur 1700–1300 f.Kr.
Vedisk tid 1500–500 f.Kr.
Jernalder 1200–300 f.Kr.
Mahadjanapada • 700–300 f.Kr.
Magadhariket • 545–320 f.Kr.
Mauryariket • 321–184 f.Kr.
Mellomrika 230 f.Kr.–1279
Satavahanariket • 230 f.Kr.–199 e.Kr.
Kusjanriket • 60–240
Guptariket •280–550
Palariket • 750–1174
Tsjolariket • 848–1070
Muslimske rike 1206–1596
Delhi-sultanatet • 1206–1526
Dekkan-sultanat • 1490–1596
Hoysalariket 1040–1346
Kakatiyariket 1083–1323
Vidjayanagarariket 1336–1565
Marathariket 1674–1818
Mughalriket 1526–1707
Sikh-samveldet 1716–1849
Britisk India 1858–1947
Delinga 1947 og vidare

Geografi

endre
 
British Raj Red Ensign
 
Kart over Britisk India

Britisk India omfatta det som i dag er India, Pakistan, Bangladesh og delar av Myanmar (Burma). Ceylon (Sri Lanka) var òg britisk koloni, men ikkje del av britisk India. Nepal i nord var i namnet ein sjølvstendig stat, men britane hadde sterk innverknad på styringa. Sikkim var eit britisk protektorat.

Delar av området vart utgjort av vasallstatar. Elles vart området delt inn i provinsar (sjå under historie).

Historie

endre
 
Kart over det britiske imperiet i 1921. Britisk India er utheva

Sjå òg Provinsar i Britisk India

Sjå òg

endre