Koherent einingssystem

Koherent einingssystem eller samstemt einingssystem er eit einingsystem der einingane er valde slik at alle likningar mellom fysiske storleikar enno er korrekte om ein sløyfar einingane og berre skriv måltala for storleikane. Likninga F = ma uttrykkjer ein fysisk samanheng mellom kraft, masse og akselerasjon. Dersom krafta blir gjeven i newton, massen i kg og akselerasjonen i m/s², er denne likninga talmessig riktig. SI-systemet er eit døme på eit koherent einingssystem.

Kjelder endre