Kohoutek
Kohoutek (formelt 'C/1973 E1 1973 XII og 1973f) er ein komet oppdaga 7. mars 1973 av den tsjekkiske astronomen Luboš Kohoutek. Han var då 4,6 AU frå sola, og tidlege utrekningar tyda på at han nær perihel ville bli særs lyssterk. Men Kohoutek nådde ikkje stort over grensa for at ein kunne sjå han med det nakne auga. Han nådde perihel den 28. desember same året.
Eit fargebilete av kometen Kohoutek frå 11. januar 1974. | |
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av: | Luboš Kohoutek |
Oppdaga dato | 7. mars 1973 |
BaneelementA | |
Epoke | 24. desember 1973 |
Perihel (q) | 0.1424 AU |
Eksentrisitet (e) | 1.000008 (under 1 i 1977) |
Førre perihel | 28. desember 1973 |
Kjelder
endre- «Kohoutek», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014