Kohukohu
Kohukohu er ein historisk busetnad ved Hokianga Harbour i regionen Northland på Nordøya på New Zealand. Han var ein av dei første europeiske busetnadane på New Zealand. Innbyggjartalet ved folketeljinga i 2006 var 186, ein nedgang frå 222 ved teljinga i 1996.
Kohukohu | |||
busetnad | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Folketal | 168 (6. mars 2018)[1] | ||
Kohukohu 35°21′43″S 173°32′38″E / 35.362°S 173.544°E | |||
Wikimedia Commons: Kohukohu |
Kohukohu ligg på nordsida av hamna, der ho deler seg i to elver, Mangamuka som forgreinar seg innover i landet mot nordaust, og Waihou som går mot aust forbi Mangungu, Horeke og Rangiahua.
Der hamna deler seg, er det ei lita øy kalla Motiti. Øya vart måla av Augustus Earle, den første europeiske kunstnaren som kom til området. Han budde fleire månadar på New Zealand, og vitja Hokianga i 1827.
Tidleg historie
endreEtter overleveringar frå iwien Te Tai Tokerau, vitja Kupe området kring år 925, før han drog attende til Hawaiiki. Han vart sinna over at maten han fekk ikkje var nok koka i ein hangi (jordomn), og han forbanna dei som var ansvarlege for det ved å bruka ordet «kohu». Slik skal namnet Kohukohu ha oppstått.
I 1819 kom den første europearen ein veit om til Hokianga Harbour, og i 1830-åra var Kohukohu hjarta i tømmerindustrien på New Zealand.
Kohukohu var ein viktig trelastby i nesten 100 år, og det største handelssenteret nord for hamna. I 1900 hadde busetnaden eit innbyggjartal på over 1 000.