Nordøya på New Zealand

Nordøya
Nordøya
LandFlag of New Zealand.svg New Zealand
Folketal3 519 800 (juni 2015)
Høgd over havet2 797 meter
Plassering

Nordøya på New Zealand
39° S 176° E

Nordøya er ei av dei to hovudøyene på New Zealand, den andre er Sørøya.

Der er fleire viktige byar på Nordøya; den største byen på New Zealand, Auckland, ligg i nord, hovudstaden Wellington ligg ved den sørlege enden av øya. Kring 76 % av innbyggjarane på New Zealand bur på Nordøya.

Maorimytologi fortel at Nord- og Sørøyene på New Zealand vart skapte på halvguden Māui si tid.

Segna seier at Māui og brørne hans var ute i kanoen sin og fiska då han fekk ein svær fisk på kroken og drog han opp or sjøen. Men medan han ikkje passa på ein augneblink, slost brørne hans om fisken og hakka han opp.

Denne store fisken vart til Nordøya, slik kjem det seg at māoriane sitt namn på øya er Te Ika a Māui (Māui sin fisk). Fjella og dalane skal ha vorte danna av at brørne til Māui hakka opp fisken.

Nordøya har ei flatevidd på 113,729 km2, dette gjer henne til den 14. største øya på jorda.[1]

HistorikkEndra

På somme kart frå 1800-talet er Nordøya kalla New Munster.

Regionar på NordøyaEndra

Ni lokale administrative regionar omfattar Nordøya med alle tilstøytande øyer og territoriale farvatn:

Større og mindre byar på NordøyaEndra

(Mindre tettstader er utelatne.)

Kjende geografiske områdeEndra

KjelderEndra

  1. Statistics New Zealand Geography - physical features