Kokomo av The Beach Boys
song av The Beach Boys
Kokomo Singel av The Beach Boys frå albumet Still Cruisin' | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. juli 1988 | |
Innspelt | 22. mars & 5-6. april 1988 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:35 | |
Selskap | Elektra Records Capitol (reissue) | |
Komponist | John Phillips, Scott McKenzie, Mike Love, Terry Melcher | |
Tekstforfattar | Terry Melcher, Scott McKenzie, John Phillips | |
Produsent | Terry Melcher | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
«Happy Endings» (1987) |
Kokomo | «Still Cruisin'»
|
«Kokomo» er ein song av The Beach Boys frå 1988, skriven av John Phillips, Scott McKenzie, Mike Love og Terry Melcher. Han vart gjeven ut som singel i 1988 og gjekk til førsteplassen i USA og Australia. Singelen vart gjeven ut samstundes med Tom Cruise-filmen Cocktail og filmmusikken som høyrte med.
Songen vart gjeven ut på singel med «Tutti Frutti» av Little Richard som B-side i juli 1988. Songen vart den første førsteplassen deira i heimlandet sidan «Good Vibrations» i 1966. Det var òg den einaste førsteplassen deira som Brian Wilson ikkje var involvert i.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kokomo (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2009.