Opna hovudmenyen
Tutti Frutti
Singel av Little Richard
frå albumet Here's Little Richard
B-side «I'm Just a Lonely Guy»
Utgjeve November 1955
Innspelt 14. september 1955, J & M Studio i New Orleans
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:27
Selskap Specialty 561
Låtskrivar(ar) Little Richard, Dorothy LaBostrie
Produsent Robert Blackwell
Little Richard-kronologi
«Always»

(med Deuces of Rhythm and Tempo Toppers, 1954)

Tutti Frutti «Long Tall Sally»

(1956)


«Tutti Frutti» er ein song skriven av Little Richard i lag med Dorothy LaBostrie og spelt inn i 1955. Dette var den første store hitten hans. Med opninga «A-wop-bom-a-loo-mop-a-lomp-bom-bom!» (ei verbal utgåve av trommemønsteret Little Richard hadde sett for seg)[1] den drivande stilen og ville teksten, vart han ikkje berre ein modell for mange framtidige Little Richard-songar, men òg for rock and roll i seg sjølv.[2] Songen introduserte fleire av dei mest karakteristiske trekka ved rocken, som det høge volumet og ein vokalstil som la vekt på kraft, med ein markant rytme.[3]

I 2007 kåra eit panel av kjende artistar «Tutti Frutti» til førsteplassen på lista til Mojo over dei 100 beste songane som endra verda, og vart hylla som «starten på rock and roll». I 2010 innlemma Library of Congress National Recording Registry songen i registeret sitt og skriv at han hadde «unik vokalisering over ein uimotståeleg rytme som annonserte ein ny æra i musikken».[4][5] I april 2012 erklærte magasinet Rolling Stone at songen «framleis har det som vert rekna som den mest inspirerande teksten i rocken nokon gong: 'A-wop-bom-a-loo-mop-a-lomp-bom-bom!!'»[6]

Den originale innspelinga til Little RichardEndra

Sjølv om «Little Richard» Penniman hadde spelt inn musikk for RCA og Peacock Records sidan 1951, skilde ikkje platene hans seg ut, og dei hadde i staden seld dårlegare enn produsentane hadde håpa på. I februar 1955 sende han ein demokassett til Specialty Records, som vart høyrt av Specialty-eigaren Art Rupe. Rupe syns kassetten var lovande og fekk i stand ei innspeling for Little Richard ved Cosimo Matassa's J & M Studio i New Orleans i september 1955, med bandet til Fats Domino og Robert 'Bumps' Blackwell som produsent. Bandet bestod av Lee Allen og Alvin «Red» Tylersaksofon, Huey Smithpiano, Frank Fields på bass, Justin Adams på gitar og Earl Palmertrommer.[7][8]

Undervegs i innspelinga vart ikkje den anarkistiske framføringa til Little Richard heilt fanga på band. I frustrasjon under ein lunsjpause, byrja han å hamre laus på pianoet og song ein grov song han hadde skrive sjølv, og som han hadde framført i fleire år.[9] I følgje somme soger skreiv han og framførte songen med han arbeidde som vaktmeister på ein busstasjon.[10] Songen han song var eit musikkstykke han «hadde polert på klubbar i Sørstatane».[11] Little Richard song:

«A-wop-bom-a-loo-mop-a-lomp-bom-bom!!
Tutti Frutti, good booty»

Etter ei livleg framføring visste Blackwell at dette var ein hit, men innsåg at teksten med «trubadurpoesi og seksuelle humor» måtte endrast.[11]

Blackwell kontakta den lokale låtskrivaren Dorothy LaBostrie for å skrive om teksten, som Little Richard framførte med sin karakteristiske stil. I følgje Blackwell forstod ikkje LaBostrie melodien, men ho var ein «produktiv låtskrivar».[12]

Den originale teksten, der «Tutti Frutti» syner til ein homoseksuell mann, var:

«Tutti Frutti, good booty
If it don't fit, don't force it
You can grease it, make it easy»[13]

Desse vart erstatta av:

«Tutti Frutti, aw rooty
Tutti Frutti, aw rooty.»

«Aw rooty» var eit slanguttrykk for «All right» (i orden, heilt greit eller OK på norsk).

I tillegg til Penniman og LaBostrie, står eit tredje namn oppført som medlåtskrivar. Somme kjelder meiner dette var eit pseudonym av Specialty-eigaren Art Rupe for at han skulle få somme honorar for somme av songane på selskapet sitt,[7] men andre hevdar låtskrivaren var Joe Lubin.[14]

Låtskrivaren LaBostrie har sagt at «Little Richard skreiv ikkje noko av 'Tutti Frutti.'» Ho fekk framleis honorar på rundt 5000 dollar kvar tredje til sjette månad for songen i 1980-åra.[15]

Blackwell sa at dei ikkje hadde tid til å lage eit nytt arrangement, så Little Richard spelte inn den reviderte songen på tre forsøk, etter kring 15 minutt, med det originale pianopartiet. Innspelinga gjekk føre seg 14. september 1955.[7] Utgjeve på Specialty 561 gjekk plata inn på Billboard Rhythm and Blues-lista i slutten av november 1955 og nådde andreplassen tidleg i 1956. Songen nådde òg 17. pplassen på poplista i USA. I Storbritannia nådde han berre så vidt topp 30 i 1957 med B-sida «Long Tall Sally».

InnverknadEndra

«Tutti Frutti» vart tittelen på ein av dei første bøkene om utviklinga av rock and roll og pop frå 1950-åra, Nik Cohn-boka «Awopbopaloobop Alopbamboom» (1969). I 2010 innlemma amerikanske Library of Congress National Recording Registry innspelinga i registeret sitt.[16]

Med element av boogie, gospel og blues, introduserte fleire av dei mest karakteristiske trekka ved rocken, som høgt volum og ein vokalstil om vektla kraft, i tillegg til ein markant rytme. Rytmen har røter i boogie-woogie, men Richard gjekk bort frå shufflerytmen og introduserte ein markant, ny rockerytme. Den nye rytmen i songen vart ein standard for rockerytme, seinare forsterka av Chuck Berry.[3]

Eit utval av plateartistar stemnde i 2007 «Tutti Frutti» til topps på lista til Mojo over dei 100 beste songane som endra verda, og vart hylla som «lyden av starten på rock and roll».[17] Songen ligg på 43. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjenno tidene.[18]

MedverkandeEndra

Tidlege coverversjonarEndra

Songen har blitt spelt av mange artistar. Etter Pat Boone fekk suksess med «Ain't That a Shame», vart den neste singelen hans «Tutti Frutti», langt meir tona ned enn originalen. Boone sin versjon nådde 12. plassen på den nasjonale poplista, medan Little Richard sin versjon låg like bak på 17. plassen.[19] Boone sjølv har sagt at han ikkje ønskte å spele inn «Tutti Frutti» fordi «han gav ikkje meining» til han, men produsentane hans overtydde han om å lage ein annan versjon sidan dei meinte han ville gje dei store inntekter.[20]

Little Richard innrømde at sjølv om Boone «tok musikken hans,» gjorde populariteten til Boone at han sjølv fekk høgare status i den kvite musikkindustrien.[21]

Elvis Presley-versjonenEndra

Elvis Presley spelte inn songen[22] og han vart gjeven ut på det første RCA-albumet hans, Elvis Presley 23. mars 1956. Presley-versjonen nyttar «A-wop-bop-a-loo-bop-a-lop-bam-boom!» for kvart vers,[22] og avslutta frasen med «bam-boom» i staden for «bom-bom.» Elvis sin versjon av «Tutti Frutti» vart òg gjeven ut som ein EP og som singel.

The Beatles-versjonarEndra

I følgje forfattaren Mark Lewisohn i «The Complete Beatles Chronicles» (s. 365) framførte The Beatles «Tutti Frutti» på konsertane sine frå minst 1960 til 1962 (i Hamburg, Liverpool og andre stader). Visstnok var det alltid Paul McCartney som song songen, men det er ukjend om versjonen deira var basert på Elvis eller Little Richard. Det finst ingen opptak frå desse åra av songen. I følgje Allen J. Weiner i «The Beatles - The Ultimate Recording Guide» (s. 225) vart songen spelt inn under den massive Get Back-innspelinga. Nokre månader seinare spelte George Harrison ein konsertversjon som vart spelt inn i København med Delaney and Bonnie og Eric Clapton. Denne kom ut på eit piratkopialbum. I 1972 spelte Ringo Starr trommer på ein kort versjon med Elton John på piano og T. Rex-songaren Marc Bolan på vokal. I 1990-åra spelte Paul McCartney ti slutt inn ein versjon av «Tutti Frutti» under ein lydsjekk, men i ein særs tilbakelent versjon som minna om Boone sin frå 1956.

Seinare versjonarEndra

Little Richard spelte inn songen på ny i 1964 for Little Richard's Greatest Hits og igjen i 1978 for samlealbumet Little Richard Live.

The Swinging Blue Jeans spelte ein versjon av songen på debutalbumet Blue Jeans a'Swinging, HMV 1802, i 1964. Det var ein av to Little Richard-songar på albumet.

Queen spelte «Tutti Frutti» på kvar konsert under The Magic Tour i 1986, og eit konsertopptak kom ut på Live at Wembley '86.

Det var den første songen på MC5-albumet Back in the USA, Atlantic SD 8247.

Songen vart spelt av Fair Weather i 1970.

Sting spelte songen for filmen Party Party (1982).

KjelderEndra

  1. White, Charles (2003), s.49-51 The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography. Omnibus Press.
  2. «The Current from». Minnesota Public Radio. Henta 29. september 2016. 
  3. 3,0 3,1 Michael Campbell; James Brody (27. februar 2007). «Rock and Roll: An Introduction». Books.google.co.uk. s. 115. Henta 29. september 2016. 
  4. «The Full National Recording Registry: National Recording Preservation Board (Library of Congress)». National Recording Preservation Board. Henta 29. september 2016. 
  5. O'Donnell, Bernard (23. juni 2010). «'Tutti Frutti' Joins National Music Registry». Henta 29. september 2016. 
  6. [1] Arkivert 24. juni 2012 på Wayback Machine.
  7. 7,0 7,1 7,2 Jim Dawson and Steve Propes, What Was The First Rock'n'Roll Record, 1992, ISBN 0-571-12939-0
  8. Penniman, Richard Wayne. «Little Richard.» Little Richard 24 Jan 2008. GroveMusic.com (krev pålogging)
  9. White, Charles (2003), s. 55 The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography. Omnibus Press.
  10. Cox, Michael (1997). Mind-Blowing Music Scholastic Press. ISBN 0590195700
  11. 11,0 11,1 Lhamon, W.T.. Deliberate Speed: The Origins of a Cultural Style in the American 1950s. USA: The Smithsonian Institution, 1990.
  12. Brackett, David. The Pop, Rock, and Soul Reader: Histories and Debates. New York: Oxford, 2004
  13. White, Charles. The Life and Times of Little Richard: The Quasar of Rock". New York: Harmony, 1984
  14. allmusic ((( Joe Lubin > Overview )))
  15. «Dorothy Labostrie». Rockabilly.nl. Henta 29. september 2016. 
  16. «Culpeper Star-Exponent : News». M.starexponent.com. Henta 29. september 2016. 
  17. «Little Richard - Tutti Frutti Tops World-Changing Hit List». Contactmusic.com. May 16, 2007. Henta 29. september 2016. 
  18. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. Henta 29. september 2016. 
  19. Smothers, Robert. «Macon Journal; Georgia's Very Own: a Wop Bam Boom.» The New York Times 08 Jan. 1990, Late ed., sec. A10
  20. Harrington, Richard. «VIDEOS; 'the Early Days,' When Rock Began to Roll.» The Washington Post, 19 May 1985, Final ed., sec. G12
  21. O'connor, John J. «Television Review: Rock's Story as Told by Rockers.» The New York Times 08 Mar. 1995, Late ed., sec. C20
  22. 22,0 22,1 Gilliland, John (1969). «Show 7 - The All American Boy: Enter Elvis and the rock-a-billies. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.