Kokosmakron er ei småkake laga av egg, sukker, kveitemjøl og kokosmasse.

Kokosmakronar

I Noreg blir ho tradisjonelt bakt til jul, og kan vera eit av dei sju slaga. Ein kokosmakron skal helst vera sprø på utsida og seig inni.[1]

Australske coconut macaroons med syltetøy.
Kokoskrans

Andre land endre

Makroner er kjende sidan 1500-talet, og stammar truleg frå Italia.[2] I Tyskland er kaka også typisk julebakst. Kokosmakronen er også vanleg i Sverige, der han blir kalla kokostopp, Frankrike, der dei blir kalla congolais eller rocher coco, Australia, USA og Nederland. I Australia tek dei ofte ei lita mengd bringebærsyltetøy i midten av makronen før steiking.

Variantar endre

Ein variant av kokosmakron er kokoskrans, ei småkake forma som ein runding eller krans.

Ein kan også ha sjokoladeglasur på toppen av kokosmakronen.

Kjelder endre

  1. «Kokosmakroner, oppskrift». nrk.no. Henta 17. desember 2012. 
  2. «The History Of Macaroons». thenibble.com. Henta 17. desember 2012.