Kolbein Lauring

norsk motstandsmann

Kolbein Widrik Lauring (15. juni 191431. mai 1987) var ein norsk motstandsmann under andre verdskrigen.

Kolbein Lauring
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juni 1914
Død

31. mai 1987 (72 år)

Yrke militær

Bakgrunn endre

Han voks opp på Ljan utanfor Oslo. Saman med sin barndomsven Max Manus deltok han i fyrstegongstenesta, i Vinterkrigen, under kampane ved Kongsvinger og under angrepet på Noreg april 1940. Etter at krigen braut ut, gjekk han inn i motstandskampen, der han blant anna saman med Max Manus og Gunnar Sønsteby gav ut den illegale avisa Vi vil oss et land.

I februar 1941 vart han arrestert av tyskarane og send til Grini fangeleir, der han sat i arrest i to år og ni månader. Då han slapp ut, heldt han fram i motstandskampen og deltok på fleire sabotasjeoppdrag dei to siste åra av krigen. Mellom anna deltok han i sabotasjeoppdraga mot tyske skip. Som følgje av Operasjon Derby, gjennomførte tyskarane ein rassia mot mistenksame bustader i Osloområdet den 4. april 1945. Blant anna vart huset hans på Ljan omringa av tyske soldatar, eit drama som enda med at Lauring måtte skyte seg ut ifrå huset. Same dag vart motstandsmennene Olav Ringdal jr. og Roy Nielsen drepne i ein dekkbustad i Bygdø allé 117. Medan Kolbein kom seg unna blei kona Kari Lauring teken til fange av tyskarane.

Heider endre

Kolbein tok imot St. Olavsmedaljen med eikegrein for innsatsen sin i motstandsarbeidet under krigen. I frigjeringsdagane i 1945 var han livvakt for kongefamilien, noko som seinare vart påskjønna med H.M. Kongens Erindringsmedalje. Etter krigen var han blant anna tilsett i Max Manus si bedrift. Han døydde den 31. mai 1987 – 72 år gamal. Han vart gravlagd på Nordstrand kyrkjegard. Kari Lauring døydde i 1993.

I filmen Max Manus blei han spelt av skodespelaren Christian Rubeck.