Max Manus (9. desember 191420. september 1996) var ein norsk motstandsmann under andre verdskrigen. Han var mellom anna løytnant og fenrik i Kompani Linge. For bøkene som han gav ut etter krigen vart han vidgjeten som ein av dei beste norske sabotørane under den andre verdskrigen. Etter krigen arbeidde han som forretningsmann i sitt sjølvstifta firma Max Manus A/S.

Max Manus

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. desember 1914
Bergen
Død

20. september 2001 (86 år)
Bærum kommune

Yrke sjølvbiograf, skribent, forretningsdrivande, motstandskjempar, SOE agent
Ektefelle Tikken Manus
Max Manus på Commons
Sjå òg filmen Max Manus

Manus har vore formann i Oslo Forsvarsforening og områdesjef for Heimevernet i Asker kommune.

Biografi endre

Tidleg liv endre

Max Manus vart fødd i Bergen som son av Johan Magnussen (Juan Manus) og danske Gerda Kjørup. Etter at foreldra skildest, flytta Max saman med faren og systera Pia til Oslo. Her voks han opp på Ljan. Under oppveksten på Ljan trefte han Kolbein Lauring, som sidan skulle vere med han gjennom motstandskampen og Vinterkrigen. I barndommen deira på Ljan brukte dei å leike krig i Ljanskogen. Max var leiar for ein liten gutegjeng, medan framtidige forsvarsminister Jens Christian Hauge, som også kom ifrå Ljan, var leiar for ein annan gjeng. 13 år gamal tok faren Max og systera med til Cuba, der Max sin onkel dreiv skipshandel.

Max blei verande i Cuba ein periode som sjømann. Sidan drog han rundt om i fleire spansktalande land i Latin-Amerika. Før utbrotet av andre verdskrigen deltok han som frivillig under Vinterkrigen i Finland. Han var òg ein av dei få som kom heilt fram til Salla-fronten.

Andre verdskrigen endre

Då tyskarane gjorde åtak på Noreg den 9. april 1940 drog han til Kongsvinger, der han tok del i angrepet på Noreg mot ein tysk bataljon.

Etter dette gjekk han inn i motstandsarbeidet og jobba med illegale aviser. 16. januar 1941 vart han overraska av Statspolitiet, som hadde kome seg inn i husværet hans i Vidars gate i Oslo. Han klarte å hoppe ut igjennom vindauget og vart brakt til Ullevål sjukehus. Etter eit kort opphald klarte han å rømme ifrå sjukehuset. Sidan tok han seg til Forrest Lodge i Skottland. Turen tok til saman 7 månader. I Skottland blei han med i Kompani Linge, fekk trening og kom attande til Noreg som sabotør i 1943 saman med motstandsmannen Gregers Gram. Det fyrste sabotasjeoppdraget deira var Operasjon Mardonius, som fann stad om natta den 27. april same året.

Frå 1944 var han med i Oslogjengen, som var under leiing av Gunnar Sønsteby. Han tok også del i operasjonane Derby og Bundle. I 1944 tok Manus også del i aksjonen mot Arbeidstenesta sine lokale i Oslo. Denne aksjonen var sett i verk for å hindre tyskarane i å rekruttere unge norske gutar til tysk krigsteneste på Austfronten.

Saman med Roy Nielsen utførte han sabotasjen på troppeskipet DS «Donau» den 16. januar 1945. Juni 1944 hadde Max Manus òg gjort det same på MS «Monte Rosa» saman med Gregers Gram, men skipet vart berre lettare skadd.

I frigjeringsdagane hadde Oslogjengen ansvaret for tryggleiken til kongefamilien. Max Manus var både livvakt for kronprins Olav og kong Haakon VII då dei kom heim frå England. For denne tenesta vart han, med fleire, påskjønna med H.M. Kongens Erindringsmedalje.

Etter krigen endre

Etter krigen gav han ut to bøker om opplevingane sine. Den fyrste, Det vil helst gå godt kom ut i 1945 og tok for seg perioden 1940 til 1943. Den andre, Det blir alvor kom ut i 1946 og tok føre seg dei siste åra av krigen. Bøkene hans selde om lag 300 000 eksemplar. Med overskotet starta han kontormaskinfirmaet Max Manus A/S, som framleis eksisterer. Her arbeidde han blant anna saman med venen Kolbein Lauring. Max Manus tilsette òg tidlegare NS-medlemer i bedrifta si, til dømes Walter Fyrst. Max meinte at det var viktig å setje strek for NS-medlemmene etter at dei hadde sona dommen for landssvik. Denne tilrådinga gjorde han svært godt likt i frontkjemparmiljøet.

Den 22. mars 1947 gifta han seg med Ida Nikoline Lie Lindebrække. Saman fekk dei to born. Dei busette seg på Landøya i Asker kommune. Max Manus sleit sidan med både nerve - og alkoholproblem. Trass dette levde Tikken og han eit godt liv saman. I 1995 gav han ut boka Mitt liv. Dei siste åra var han og Tikken mykje på Kanariøyane. Etter eit stygt fall i trappa heime på Landøya i september 1996 vart han frakta til Bærum sjukehus, der han døydde 20. september - 81 år gamal.

Film endre

I 2008 kom filmen Max Manus ut. Filmen vart basert på Max sine bøker «Det vil helst gå godt» og «Det blir alvor», og Manus sjølv vart spelt av skodespelaren Aksel Hennie. Filmen vart ein stor suksess og vann sju Amandaprisar under utdelinga den 21. august 2009.

Sjå òg: Norsk motstandrørsle under den andre verdskrigen

Dekorasjonar og utmerkingar endre

For innsatsen sin under andre verdskrigen vart Max Manus påskjønna med følgjande utmerkingar:

Land Orden, medalje Merknad
  Noreg Krigskrossen med to sverd
  Noreg Deltakarmedaljen
  Noreg H.M. Kongens Erindringsmedalje med spenne "1940-1945"
  Noreg Haakon VIIs 70 års medalje
  Storbritannia Ordenen for framifrå tenester «Distinguished Service Order»
  Storbritannia Militærkrossen «Military Cross» med spenne

«& Bar»

  USA Presidentens fridomsmedalje «Presidential Medal of Freedom» med sølvpalme

«with Silver Palm»

Utgjevingar endre

  • Det vil helst gå godt – Sjølvbiografisk, (1945)
  • Det blir alvor – Sjølvbiografisk, (1946)
  • Sally Olsen : Fangenes engel i Puerto Rico – Dokumentar (1975)
  • Mitt liv – Sjølvbiografisk (1995)

Bakgrunnsstoff endre