Kolesjinofossen
Kolesjinofossen er ein foss ved landsbyen Kolešino i Novo Selo kommune sørvest i Nord-Makedonia.
Han høyrer til elva Baba og har eit totalt fall på 19 meter. Fossen ligg i ei høgd på 610 meter over havet i fjellet Belasitsa.
Kolešinofossen er ein stor turistattraksjon i kommunen. Staden er open året rundt og vert stadig utvikla for å ta imot turistane. I dag går det ei trebru over elva slik at ein betre skal få sjå fossen.
Bakgrunnsstoff
endre- Informasjon om Kolesjinofossen på den offisielle nettsida til kommunen Novo Selo Arkivert 2008-02-19 ved Archive.is
- Turistinformasjon Arkivert 2006-11-15 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Koleshino Waterfall» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2008.