Kolsekken er to mørke tåker på sørhimmelen nær Sørkrossen. Dei har vore kjende frå lang tid attende. Dei er lett synlege for det nakne auga, og den største kan ein sjå som ein ellipseforma svart flekk, kring 4° lang og 2½° brei, midt inne i dei lysande stjerneskyene i Mjølkevegen. Avstanden er kring 600 lysår.

Kolsekktåka kan ein sjå som det mørke området nær toppen av biletet.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre