Mørke tåker eller absorpsjonståker er skyer av gass og støv i verdsrommet som ikkje er opplyste og som er synlege ved at dei blokkerer lyset frå stjerner og andre objekt som ligg bak. Mørke tåker er samansette av kald gass og støv. På ein klar nattehimmel kan mørke tåker sjåast som mørke område på mjølkevegbandet.

Hubble-bilete av Hestehovudtåka, ei mørk tåke.
Mørke tåker på mjølkevegbandet

Bakgrunnsstoff

endre