Kombinertbuss, eller kombibuss er ein kombinasjon av ein buss og ein lastebil, nytta for å frakta både passasjerar og gods. På 1960- og 1970-talet var det mange rutebilselskap som nytta kombinertbuss i rute i grissgrendte strøk, men i dag er dei ikkje så vanlege. Desse var bygde på lastebilchassis og var ikkje så komfortable som moderne bussar. Moderne kombinertbussar har ofte boggi, noko som både resulterer i større nyttelast og betre komfort. I dag er det òg vanleg med luftfjøring i staden for bladfjører, noko som au aukar komforten.

Ein moderne kombinertbuss i Noreg.

Galleri endre