Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker eller Gjenopptakingskommisjonen er ein norsk sjølvstendig statleg etat som undersøkjer og avgjer om ein straffedømt person skal få si sak behandla på nytt i retten.[2] Domfelte personar med ein rettskraftig dom kan søkje kommisjonen om gjenopptaking. Kommisjonen gjer ei utgreiing av dei rettslege og faktiske sidene ved saka, og har mynde til å innkalle vitne til avhøyr, gje utleveringspålegg, halda munnlege høyringar og oppnemne sakkunnige. Han kan også fremja spørsmål til retten om personundersøking og bruk av tvangsmiddel. Føremålet med opprettinga var å avsløre justismord. Gjenopptakingskommisjonen vart oppretta ved revisjon av straffeprosesslovas kap. 27. Lovendringa tredde i kraft frå 1. januar 2004.

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker
Typeorganisasjonsledd
Org.nummer985847215
Skipajanuar 2004
HovudkontorOslo
Tilsette12 (2014)[1]
Nettstadhttp://www.gjenopptakelse.no/ Sjå dette på Wikidata

Kjelder

endre