Kommuneingeniør er yrkestittelen på ein kommunalt tilsett person som har ansvaret for dei tekniske tenestene som kommunen tek seg av, som til dømes dei kommunale vegane, dei kommunale bygningane, renovasjonen i kommunen, brannstellet og anna slikt. Kommuneingeniøren hadde og har framleis i mange kommunar òg ansvaret for arbeidet med å få utarbeidd reguleringsplanar og førehave byggesaker.

Tidlegare, då det var juridiske skilnader mellom dei såkalla landkommunane og dei såkalla bykommunane, var kommuneingeniør den tittelen som vart nytta i landkommunane, medan den tilsvarande tittelen i bykommunane var byingeniør eller stadsingeniør.