Eit kommunestyre er den folkevalde leiinga i ein kommune. Kommunestyret si rolle blir i Noreg definert av kommuneloven. Det er kommunestyret som fattar vedtak for kommunen, med mindre dette er delegert til andre. Andre kan vere ulike råd og utval eller rådmannen.

Eit kommunestyre skal ha minst 11 medlemmar i kommunar med mindre enn 5000 innbyggjarar. Kommunar med meir enn 100 000 skal ha minst 43 medlemmar i kommunestyret. Kommunestyret kan sjølv fastsette eit høgare tal. Dei norske kommunestyra blir valde kvart fjerde år av innbyggjarane i kommunen. Alle som er eldre enn 18 år har røysterett og er valbare ved valet.

Kommunestyret fastsett budsjettet for kommunen etter innstilling frå rådmannen. Kommunestyret fastsett òg korleis landarealet i kommunen kan nyttast gjennom ein arealplan for kommunen.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.