Komparativ fordel

Komparativ fordel (bokmål komparativt fortrinn) er eit samfunnsøkonomisk omgrep som forklarar korfor to partar (gjerne land, men òg til dømes regionar eller individ) kan ha gjensidige fordelar av å handle med kvarandre, sjølv om den eine av dei er i stand til å produsere alle varer meir effektivt enn den andre.

Ein part har ein komparativ fordel i ei vare dersom han er i stand til å produsere vara relativt meir effektivt enn den andre parten. Dette betyr at det er viktig å skilje omgrepet frå det å ha ein absolutt fordel i produksjonen av ein vara, som rett og slett betyr at eit land produserer denne vara meir effektivt.

Konseptet er svært viktig i teorien om internasjonal handel. Resultatet følgjer av enkel matematikk, men blir sett på som eit av dei mest misforståtte omgrepa innan økonomi.

Teorien om komparative fortrinn blir gjerne tillagt David Ricardo, som forklarte han i boka The Principles of Political Economy and Taxation, utgjeve i 1817. Truleg vart omgrepet likevel bruka første gong av Robert Torrens i 1815 i eit essay om kornhandel.

Døme endre

 
David Ricardo

For å forklare prinsippet med komparative fordelar, går Ricardo ut frå ein verdsøkonomi sett saman av to land, England og Portugal, som produserer to typar gode, klede og vin. Ricardo går ut frå at Portugal produserer både klede og vin meir effektivt. Betyr dette at England bør stenge grensene sine for å skjerme eigen industri?

Timar med arbeidskraft for å produsere éi eining[1]
Klede Vin
England 100 120
Portugal 90 80

For å svara på dette spørsmålet, må ein samanlikne autarki (ingen handel) med fri utveksling av varer (frihandel).

I autarki, for å produsere to einingar med klede, éi til kvart av landa, trengst det 190 arbeidstimar, mens to einingar vin krev 200 arbeidstimar.

Kva skjer dersom England spesialiserer seg i klesproduksjon og Portugal i vin? England brukar 200 arbeidstimar på å produsere to einingar klede. England har dermed 20 timar arbeidskraft til gode, som kan brukast til auka produksjon. Dersom ein går ut frå at desse 20 timane blir bruka til produksjon av klede, aukar produksjonen til 2,2 einingar. Portugal brukar 160 timar på å produsere to einingar vin, og disponerer derfor 10 timar arbeidskraft, som kan brukast til å auke produksjonen til 2,125 einingar.

Ein merkar seg derfor at ein spesialisert produksjon av kvar av varene gjer at verdsproduksjonen kan auke, og kvart land kan auke forbruket sitt av begge varene.

Mens landa i autarki kvar forbrukte 1 eining klede og 1 eining vin, kan dei no utveksle varer slik at dei til dømes får 1,1 eining klede og 1,0625 einingar vin kvar, og begge landa har vorte rikare. Dette var altså mogleg sjølv om England var mindre effektiv i produksjonen av begge varene eller, sagt på ein annan måte, Portugal hadde ein absolutt fordel i produksjonen av begge varene.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. tal frå David Ricardo, The Principles of Political Economy and Taxation, 1821, kapittel 7
  Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.