Komusō
Ein komusō (japansk kanji 虚無僧; hiragana こむそう, 'munk av ingenting') var ein tiggarmunk tilhøyrande Fuke-sekta innan zen-buddhismen. Dei var kjenneteikna ved at dei bar ei korg av strå for å skjule hovudet og at dei spela shakuhachi (ei bambusfløyte).