Shakuhachi (kanji 尺八, IPA [ˈʃakʊˌhatʃi]) er ei rett bambusfløyte frå Japan. Omsett betyr namnet '8 hachi', som er eit lengdemål. Fløyta var nytta av munkane i Fuke-sekta av zen-buddhismen når dei praktiserte suizen, ein måte å meditere på. Munkane av denne sekta var kjende som komusō ("prestar av intet") som nytta shakuhachien som eit spirituelt instrument. Songane deira vert kalla koten honkyoku og var like mykje musikk som meditasjon.

Shakuhachi

Fløyta er utvikla ut i frå importerte fløyter frå Kina og Korea, men har fått sine særpreg som skil seg frå desse ettersom Japan lenge var eit isolert øyrike.

Artistar og band som Tangerine Dream, Klaus Schulze, Sugarcubes, Coil og Sade har brukt shakuhachi i ein synthesizervariant.