Kondrovo
Kondrovo (russisk Кондрово) er ein by i Kaluga oblast i Russland med om lag 17 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sjanja, en sideelv til Ugra, rundt 40 km nordvest for Kaluga.
Kondrovo Кондрово | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Kaluga oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1613 1938 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
16 927 | |
Koordinatar | 54°48′N 35°56′E / 54.800°N 35.933°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 48434 |
Historie
endreKondrovo vert nemnt første gong i 1613. I 1790 vart det bygt ein papirfabrikk i landsbyen og på slutten av 1800-talet var han kjend for produksjon av papir av høg kvalitet. Han fekk bystatus i 1938.
Økonomi og næringsliv
endreHovudnæringa i byen er framleis papirfabrikken KBK - Kodrovskaja Bumazjnaja Kompanija (russisk: Кодровская бумажная компания - КБК), som i dag framstiller pergament, notatbøker, toalettpapir og hygieneartiklar for kvinner.
Bakgrunnsstoff
endre- Kondrovo på MojGorod.ru (russisk)
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Kondrovo» frå Wikipedia på bokmål, den 30. januar 2009.