Kongekake

julekake knytt til trettande dag jul

Kongekake er ei kake knytt til trettande dag jul i fleire ulike land.

Le Gâteau des Rois, av Jean-Baptiste Greuze, 1774 (musée Fabre).
Franske galettes des rois på konditori i Sarreguemines.

FrankrikeEndra

Den franske varianten blir kalla galette des rois eller gâteau des rois (kaka til kongane) etter heilage tre kongar eller vise menn som etter tradisjonen vitja Jesusbarnet i Betlehem 12 dagar etter jul. I det nordlege Frankrike blir ho laga med smørdeig og mandelkremfyll. I det sørlege Frankrike blir ho tradisjonelt laga av søt briochedeig smaksett med appelsinblomevatn, forma til ein krans og dekorert med kandisert frukt og perlesukker. I kaka gøymer ein ei fève (bønne), som frå byrjinga av bokstaveleg var ei bønne men som på 1800-talet blei erstatta av ein figurin i porselen og seinare plast.[1] Den som får kakebiten med figurinen blir utpeikt til konge eller dronning for dagen, og får bera papirkrona som følgjer med kaka.

Spania og Latin-AmerikaEndra

I den spansktalande verda et ein på trettandedagen, Día de lós Reyes Magos (dagen til tre vise kongane) mange stader ein roscón de reyes (kongekrans). Denne er i likskap med det sørfranske bakverket ei kransforma kake pynta med kandisert frukt. I kaka er det gøymd ein figurin som forestiller Jesusbarnet eller ei lita leike og dessutan ei tørr bondebønne. Den som finn figurinen blir utnemnd til konge eller dronning for høgtida, medan den som får bønna må kjøpa kransen neste år.[2] I Catalonia går kaka under namnet tortell.

PortugalEndra

I Portugal et ein mellom jul og trettandedagen, Dia dos reis (kongedagen) ei kransforma fruktkake kalla bolo rei. Denne blei introdusert til Portugal seint på 1800-talet på konditoriet Confeitaria Nacional med oppskrift frå Frankrike, og er laga av søt briochedeig blanda med rosiner, nøtter og kandisert frukt.[3] Tradisjonelt inneheld denne òg ei tørka bønne som gjev finnaren plikt til å kjøpa kransen neste år.[4]

HellasEndra

I visse delar av Hellas et ein på trettandedagen brødkaka vasilópita (βασιλόπιτα), som elles er typisk for nyttårsdagen. Kaka inneheld ein mynt eller ein pyntegjenstand som skal gje hell til den som finn han i sin bit.

GalleriEndra

KjelderEndra