Kongens fortenestemedalje i sølv
Kongens fortenstemedalje vert delt ut som løn for særleg fortenesteleg innsats over lengre tid i samfunnslivet i offentleg stilling eller verv, ved innsats i frivillige organisasjonar eller ved anna personleg verksemd av stor samfunnsnytte. Han vert òg delt ut for særleg fortenestefullt arbeid gjennom lang tid i privat eller offentleg teneste, der innsatsen er betydeleg over det normale og der vedkommande òg har vist aktiv innsats innanfor eller utanfor arbeidsplassen sin. Ein må normalt ha ei tenestetid på over 40 år. Medaljen kan òg delast ut til ein samfunnsborgar med ein innsats gjennom livet som kan stå til føredøme for andre.
Til vanleg blir medaljen utdelt i sølv. I særskilte tilfelle kan Kongens fortenstemedalje delalst ut i gull.