Opna hovudmenyen

Ein borgar (frå lågtysk 'bymann'; av borg) er ein person med borgarskap i ein by.

Borgarskap i NoregEndra

Frå siste delen av mellomalderen til ut på 1800-talet kunne ein mann ved å løyse borgarbrev få borgarrettar eller borgarskap i ein by og slik verte delaktig i dei privilegia byen hadde til handel m.v.

Borgarane hadde einerett til å drive borgarleg næringsverksemd i byen. Slike borgarlege yrke kunne mellom anna vere

Borgarane hadde samstundes plikter overfor bysamfunnet. Det galdt skatteplikt og plikt til å ta på seg offentlege verv. Byane kunne stille krav til minsteformue.

Ein mann kunne berre vere borgar i ein by.

I Noreg hadde hansaen kontroll med handelen i seinmellomalderen. Frå siste delen av mellomalderen voks det fram eit lokalt norsk borgarskap. I Oslo og Tønsberg fekk borgarane einerett på handelen frå 1538. I Bergenskjedde det noko seinare; frå 1559 vart det oppretta ein borgarbok, slik at dei tyske handverkarane og kjøpmennene måtte velje mellom å underordne seg norsk lov eller flytte frå byen.

Frå 1830-åra vart privilegia til byborgarane utfordra av økonomisk og demokratisk liberalisme. Nye lover gjorde stadig fleire uavhengige av borgarskap, og byborgarane mista ut over 1800-talet privilegia sine.

Ordet «borgar» i vår tidEndra

I nyare tid har ordet borgar blitt bruka om personar som høyrer til dei velståande samfunnsklassene. Ordet vert òg bruka som ein nemning for alle menneske som høyrer til ei ein stat eller i eit lokalsamfunn. Ordet borgarleg har slik ei vidare tyding enn det som gjeld borgarskapet.

KjelderEndra