Kongeveg, etter latin via regia, har i mange land vore ei nemning for dei eldste hovudvegane mellom landsdelane.

Via regia, det vil seia «kongeveg», var ein type militær landeveg som fanst fleire stader i Romarriket. Bildet viser ein slik steinsett veg i dagens Tyskland.

Nemninga er i Noreg brukt i eit kongeleg reskript til Akershus stift frå 1791. Der vart det fastsett at vegane frå bygdene til næraste kjøpstad skulle reknast som kongevegar.

Vegane mellom landsdelane vart òg rekna som kongevegar.

Da Noreg fekk ny veglov i 1824, vart kongevegar og landevegar slått saman under fellesnemninga hovudvegar, mens dei mindre vegane vart kalla bygdevegar.

Kjelder endre