Kongruens i talteori
Kongruens tyder «samsvar» og vert mellom anna nytta i talteori.
To tal a og b vert sagt å vere kongruente med omsyn til modulen m viss a og b gjev same rest når dei vert dividert med heiltalet m. Dette vert skriven a ≅ b (mod m). Til dømes er 24 ≅ 10 (mod 7) sidan 24 = 3 · 7 + 3 og 10 = 7 + 3.
Eit resultat i læra om kongruens er til dømes den vesle Fermatsatsen. Omgrepet kongruens vart innført i talteorien av Johann Carl Friedrich Gauss. Sidan er omgrepet òg nytta i algebraen.
Kjelder
endre- kongruens. (2012-01-03) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/kongruens/matematikk_–_3