Kongsfjorden fuglereservat

Kongsfjorden fuglereservat er eit fuglereservat oppretta ved forskrift av 1. juni 1973 i medhald av Svalbardlova. Reservatet omfattar Mietholmen, Prins Heinrichøya, Lovénøyane og Eskjeret, heilt sørvest på Haakon VIIs Land på Spitsbergen på Svalbard.

Kongsfjorden fuglereservat
verneområde
Land  Noreg
Region Svalbard
Areal 7,1 km²
Kart
Kongsfjorden fuglereservat
78°56′N 12°18′E / 78.93°N 12.3°E / 78.93; 12.3
Kart som viser Kongsfjorden fuglereservat.
Kart som viser Kongsfjorden fuglereservat.
Kart som viser Kongsfjorden fuglereservat.
Wikimedia Commons: Kongsfjorden fuglereservat

Formålet med fredinga er å sikre eit viktig hekke- og opphaldsområde for fugl, spesielt ærfugl og gjæser. I tida 15. mai til 15. august er all ferdsel, inkludert ferdsel på sjøen og landing med luftfartøy, forboden i fuglereservatet.

Kart over verneområda på Svalbard, der fuglereservatet er oransje sirkel nr 11.