Kongsfjorden i Berlevåg

fjord i Berlevåg kommune i Finnmark

Koordinatar: 70°43′10.052″N 29°24′47.329″E

Kongsfjorden er ein fjord på nordsida av Varangerhalvøya i Berlevåg kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 15 km sørvestover til Austerbotn.

Kongsfjorden
fjord
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Berlevåg

Kongsfjorden
70°42′42″ N 29°21′47″ E

Fjorden har innløp mellom Nålneset i vest og Vestneset i aust. Risfjorden er ein liten fjordarm på vestsida av fjorden like sør for Nålneset. Like sør for Risfjorden ligg tettstaden Kongsfjord. Myrvoll er ei lita grend på vestsida heilt inne i fjorden ved Vesterbotn.

Det ligg ei rekkje øyar og holmar i fjorden. Av desse finn ein Grønøya, Helløya, Kongsøya og Skarvholmen. Veidenesodden er eit nes som strekkjer seg om lag 5 km utover i fjorden frå vestsida. Den indre delen av fjorden vert kalla Straumen, som igjen deler seg i vågane Vesterbotn og Austerbotn. Innløpet til Straumen er eit smalt sund.

Riksveg 890 går langs vestsida av fjorden.