Varangerhalvøya
Varangerhalvøya
Plassering

Varangerhalvøya
70°25′0″ N 29°25′0″ E

Varangerhalvøya (nordsamisk Várnjárga, kvensk Varenkinniemi, finsk Varangin niemimaa) er ei halvøy i Finnmark som ligg mellom Tanafjorden og Varangerfjorden, med Barentshavet i nord og aust. I sørvest snevrast halvøya inn og vert ein landbru. Landbrua ligg i kommunane Tana og Nesseby og blir så smal som ei mil mellom Skiippagurra og Varangerbotn.

Byane på Varangerhalvøya er Vadsø og Vardø, og dei andre tettstadene er Berlevåg, Båtsfjord, Kiberg og Vestre Jakobselv.

Næringsliv: Gollevarre siida er ein gruppe personar som driv med reindrift, ein sida.[1]

GeografiEndra

 
Berglandskap på Varangerhalvøya.
 
Reinsdyrflokk ved Hamningberg.

Området har kupert fjellterreng med høgdar på 633 moh. på Skipskjølen og 724 moh. på Stangnestind i Austertana.[2] Andre høge punkt er Falkefjell på 548 moh.

Fjordar og fjordarmar som ligg inntil halvøya er mellom anna Leirpollen, Kongsfjorden, Båtsfjorden, Syltefjorden, Persfjorden og Varangerfjorden.

Elver som munnar ut langs kysten er mellom anna Mohkkeveai-johka, som ligg nord for Tana-brua, brua som fører frå tettstaden Tana bru austover til Varangerhalvøya. Nordover langs kysten munnar følgjande elver ut: Trollfjordselva, Geres-johka, Geinnodat-johka, Harrelva, Čáhcegár-johka, Noaide-johka, Suorbmávžže-johka, Biehtár-johka, Suki-elva.

Nokre av halvøya sine elver munnar ut i Varangerfjorden, deriblant Bergeby-elva, Grunneselva, Jakobselva. Andre elver er m.a. Skallelv[3] og Austerelva.

Langs halvøya sin kyst ligg Tanaelva og elva sin munning, og Tanafjorden, Leirpollen, Gulgofjorden, Store Molvik, Tanahorn, Fuglenes. Austanfor Skarveneset ligg Skånsvika, Berlevåg, Kjølneset, Styret, Storsteinsbukta, Sandfjordklubben, Sandfjord, Nålneset, Risfjorden. Strømmen har ein kyst innanfor Straumsnesa. Vidare austover finst Vesterneset, Setbøneset, Båtsfjorden, Makkaur, Korsneset, Makkaur-Sandfjorden, Syltefjordklubben, Persfjorden, Blodskytodden, Kavringen, Svartnesbukta, Svartnes Gamvikbukta, Skinnstakkvika, Nordvestkeila, Molvika, Kibergneset, Spira, Håbrandneset, Kramvik, Grunnes, Svartnes, Svartnesbukta, Langbukta, Langbunes[4] Trollbukta, Komagværbukta,[5]Skallbukta, Nyhavnneset, Skallnes, Urnesodden, Krampenes, halvøya Ekkerøya, Golnes, Høyvik, Samuelbyneset, Kiby, Grunnes, Navarsodden, Ørtangen, munninga av Tomaselva, Laksbuneset, Laksebubukta, Andersbyneset, Blåbærnes, Makkenes, Paddebybukta, Finneset, munninga av Jakobselva, Skitenelva, Fálesgohppi, Murgget, Giettáidnjarga, Gassa-njarga, Tjukkenasbukta, Klubbvika, Per Larsa-vik, Spiret, Torvneset, Mortensnes og Handelsneset, Hammarnes, Gazza-njarga, Unjargeahči, Buvre-njarga, Bunes, Struppnjarga, Meskelvneset, Áldda-njárga[5] og Herráidnjárga.[5]

På landbrua ligg Sáttovárri.[5] Området er tradisjonelt kjent som Seidafjellet. Nordover ligg Roavve-várri.

Vassdraga er m.a.

Nordsida av halvøya har mykja av bratte skrentar mot havet med store flater innanfor.[6]

NaturEndra

Halvøya er prega av av høgfjellsvegetasjon. Stordelen av halvøya er skoglaus.[7]

I 2004 blei staden utpeika som eit kjerneområde for den utryddingstrua norske fjellreven. I 2008 blei det sett ut 27 fjellrevar på halvøya.[8]

KulturminneEndra

Det er funne ei rekkje offerplassar på halvøya. 49 offerplassar i Varanger vart nemnde av Ørnulv Vorren i Samiske offerplasser i Varanger (1993), inkludert 3 plassar ved Gandvika.[9]

ReiselivEndra

Varangerhalvøya blir marknadsført som eit attraktiv reisemål som kan tilby både friluftsopplevingar og ulike festivalar.

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Ø. Vorren m. fleire; 1993. Side 14
  2. Varangerhalvøya. Store norske leksikon. Vitja 22. juni 2020
  3. Ø. Vorren m. fleire; 1993. Side 206
  4. Ø. Vorren m. fleire; 1993. Side 73
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 norgeskart.no. Vitja 25. juni 2020
  6. Ø. Vorren m. fleire; 1993. Side 12
  7. Ø. Vorren m. fleire; 1993. Side 19
  8. «27 fjellrevar sett ut i Finnmark». 2018-02-17. Klassekampen. S. 9
  9. Ø. Vorren m. fleire; 1993. Side 195

BakgrunnsstoffEndra