Opna hovudmenyen

Konjunktivitt eller augekatarr er ein inflammasjon av konjunktiva i auga. Det er den klart vanlegaste augesjukdommen og alvorsgraden kan vere frå heilt ufarleg til synstruande. Han består i ein inflammasjon av konjuktiva, og kan delast inn etter utløysande årsak.

Allergisk konjuktivittEndra

AkuttEndra

Dette er det vanlege raude auge allergikarar får om dei kjem i kontakt med allergenar (kattehår, pollen etc.).

KroniskEndra

Artar seg som dobbeltsidig raudt auge med kløe og renning. Kan oppstå ved særs uttalt allergi, og kan då vere sesongavhengig (pollensesong).

Infeksiøs konjunktivittEndra

AmøboidEndra

Sjeldan årsak til konjuktivitt i Noreg, men kan vere veldig alvorleg.

BakteriellEndra

Alvorleg form for konjuktivitt som krev behandling. Mogelege agens er Pseudomonas aeruginosa, Neisseria Gonorrhéa og Chlamydia tracomatis (dei to siste hos barn ved smitte frå fødselskanalen - sjeldan).

 
Gonorréisk konjunktivitt hos eit spedbarn

Er i dag sjeldne former for bakterielle konjunktivittar. Kan oppstå hos nyfødde barn om mødre har ein genital infeksjon. I byrjinga av 1800-talet var desse infeksjonane langt vanlegare, og ein dryppet alle nyfødde med lapisdråpar i augo (Credés profylakse).

ViralEndra

Den vanlegaste og minst alvorlege forma for infeksiøs konjunktivitt. Vanleg epidemi i barnehagar, og vil som regel ikkje trenge behandling.

Irritativ konjunktivittEndra

MekaniskEndra

Framandlekamar i auga kan irritere og gje konjunktivitt. Ved langvarig irritasjon kan dei gje epitelskadar.

ToksiskEndra

Kjemiske stoff (syrer, baser, vaskemiddel etc.) som kjem i auge kan irritere og gje konjuntivitt.

BehandlingEndra

Allergisk konjuktivittEndra

Vert behandla med antihistamin (cetrizin) eller steroidar.

Infeksiøs konjunktivittEndra

Bakterielle og amøboide vert behandla med antibiotika (chloramphenicol, erythromycin). Virale vert i utganspunktet ikkje behandla, men kan eventuelt behandlast med antivirale midlar (aciklovir).

Irritativ konjuntivittEndra

Vert behandla ved å fjerne irriterande årsak (t.d. skylje auge, fjerne framandlekamen etc). Ved behov kan ein gje smertestillande augedropar (ibuprocain).

KjelderEndra