Konrad Nielsen-rettskrivinga

Konrad Nielsen-rettskrivinga var ei rettskriving for nordsamisk som vart brukt i Konrad Nielsen og Asbjørn Nesheim sitt monumentale ordboksverk Lappisk ordbok I–IV 1932–1938 og i trebandsverket Lærebok i lappisk.

Ut over desse to verka vart rettskrivinga brukt i berre ein handfull av publikasjonar. Rettskrivinga har likevel ei sentral rolle i utviklinga av nordsamisk. Så godt som alle vitskaplege publikasjonar om nordsamisk på heile 1900-talet brukte Konrad Nielsen si rettskriving når dei siterte nordsamisk språkmateriale.

Karakteristiske trekk ved Konrad Nielsen-rettskrivinga endre

Rettskrivinga vart primært laga for å gjere det mogleg å lære nordsamisk som framandspråk. Ortografien la vekt på å representere uttalen i dei nordsamiske dialektane i nordsamisk så nøyaktig som mogleg, og la mindre vekt på å skape ei rettskriving som skulle vere lett å bruke for morsmålstalarar i det daglege.

Lydhistorisk er rettskrivinga konservativ. Ho opprettheld m.a. distinksjonen mellom final m og n, og mellom final p, t, k; desse distinksjonane var på den tida rettskrivinga vart til allereie borte i Kautokeino (som hadde høvesvis final n for nasalane og t for lukkelydane), men var framleis oppretthalde både i meir austlege og sørlege dialektar.

Konrad Nielsen-rettskrivinga i bruk endre

I den grad samar skreiv samisk i tida fram til 1979, brukte dei verken Konrad Nielsen-rettskrivinga eller Bergsland-Ruong-rettskrivinga (frå 1948), men Friis-rettskrivinga, som dei kjende frå Bibelomsetjinga og frå det religiøse bladet Nuorttanaste.

Litteratur endre

  • Nielsen, Konrad 1932–1938: Lappisk ordbok Lapp dictionary (med Asbjørn Nesheim)
  • Nielsen, Konrad 1926–1929: Lærebok i lappisk