Kostas Karamanlis
gresk politikar
(Omdirigert frå Konstantinos Karamanlis)
Konstantínos Alexándrou Karamanlís, i daglegtale Kóstas Karamanlís (fødd 14. september 1956 i Athen) er ein gresk politikar, og var statsminister i Hellas frå 10. mars 2004 til 6. oktober 2009. Han leier det konservative partiet Nea Dimokratia (Nytt demokrati). Partiet hans fekk 45,4 % av røystene i parlamentsvalet [[7mars 2004, og reint fleirtal i parlamentet med 165 av 300 plassar. Ved valet 16. september 2007 fekk Karamanlis sitt parti på nytt fleirtal, men mindre enn før, med 41,8 % av røystene og 152 plassar i parlamentet, og Karamanlis heldt fram som statsminister.
Kostas Karamanlis | |||
| |||
Fødd | 14. september 1956 (68 år) Aten | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Hellas | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Utdanna ved | Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Aten The Fletcher School of Law and Diplomacy Tufts University Deree College | ||
Mor | Aliki Karamanli | ||
Far | Alekos Karamanlis | ||
Ektefelle | Natasa Pazaïti | ||
Barn | Alexandros Karamanlis, Aliki Karamanlis | ||
Verv | Statsminister i Hellas 2004-2009 | ||
Føregangar | Kostas Simitis | ||
Etterfylgjar | Georgios Papandreou | ||
Alle verv |
|