Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Aten
Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen, vanlegvis omtalt som berre Universitetet i Athen, er eit gresk universitet som har vore i gang sidan det blei skipa i 1837.[1] Det er den eldste institusjonen for høgare undervising i den moderne staten Hellas.
Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Aten Εθνικόν και Καποδιστριακόν Πανεπιστήμιον Αθηνών | |||
| |||
Grunnlagt | 24. april 1837 | ||
---|---|---|---|
Stad | Dírfys-Messápia, Dáfni-Ymittós | ||
Studentar | 70 461 (29. juni 2017) | ||
Nettstad | https://www.uoa.gr (gresk, engelsk) | ||
Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Aten 37°58′09″N 23°46′51″E / 37.969166666667°N 23.780833333333°E |
I dag er universitet den neste største institusjonen for høgare utdanning i Hellas; berre Aristotelesuniversitet i Thessaloniki er større, med over 50 000 studentar. Hovudområdet til universitetet ligg i Ilissia, der fakulteta for vitskap, teologi og filosofi held til. I Goudi finn ein fakultetet for helsevitskap og medisin. Dafni husar undervising i fag som idrett og idrettsvitskap. Fakulteta for mediefag, økonomi, jus og allmenn administrasjon ligg i bygningane i sentrale Aten. Det historiske administrasjonsbygget ligg òg der, i gata Panepistimiou som har namn etter universitet.
Historie
endreNasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen blei grunnlagt den 3. mai 1837 og blei då mellombels husa i bygningar teikna av arkitektane Stamatios Kleanthis og Eduard Schaubert. Desse lokala låg ved foten av den nordlege skråninga av Akropolis. Dette var det første universitetet ikkje berre i den nyleg etablerte greske staten, men på heile Balkan og den austlege delen av Middelhavet.[2]
Før universitet blei omdøypt for å æra Ioannis Kapodistrias, den første statssjefen i det uavhengige, moderne Hellas, var læresteden kjend som Det ottonianske universitetet etter kong Otto og bestod av fire fakultet: teologi, jus, medisin og filosofi (som òg omfatta anvend forsking og matematikk). Det hadde 33 professorar, 52 studentar og 75 ikkjematrikulerte «revisorar». I november 1841 byrja undervisinga i ein ny bygning utforma av den danske arkitekten Christian Hansen. Bygningen Propylaea (37°58′51″N 23°44′02″E / 37.98083°N 23.73389°E 37°58′51″N 23°44′02″E / 37.98083°N 23.73389°E) var designa av den yngre broren hans, Theophilus Hansen i 1859, men byggeprosjektet blei ikkje fullført før i 1885.[3]
I 1843 bytta universitetet namn til Det nasjonale universitetet. Dagens formelle namn, Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen, blei vedteke i 1911 etter at forretningsmannen Ioannis Dombolis, som var ein ven av politikaren Ioannis Kapodistrias, skjenka ein stor pengesum til etableringa av eit universitet til ære for Kapodistrias.
På 1960-talet byrja bygginga av campusen til universitetet i forstaden Ilissia. På 2000-talet heldt skulane for filosofi, teologi og vitskap til i dette bygningskomplekset.[1]
Fakultet og avdelingar
endreUniversitet i Athen er delt inn i «skular» (engelsk schools) og fakultet (engelsk departments). På gresk har ein brukt begrepene «σχολές», «τμήματα» og «τομείς».[5] Lista under bruker fagnemningar som ligg nærast dei tilsvarande nemningane på norske universitet.
- Fakultet for agrikultur, ernæring og berekraft[6]
- Avdeling for agrikultur, «agrofood» og forvaltning av naturressurser[7]
- Teologisk fakultet[8]
- Avdeling for religionssosiologi
- Avdeling for teologi
- Fakultetet for filosofi[9]
- Avdeling for tysk språk og litteratur
- Avdeling for teatervitskap
- Avdeling for spansk språk og litteratur
- Avdeling for russisk språk og litteratur og slaviske studium
- Avdeling for psykologi[10]
- Avdeling for filosofi, pedagogikk og psykologi[11]
- Avdeling for filologi
- Avdeling for musikkvitskap
- Avdeling for italiensk språk og litteratur
- Avdeling for historie og arkeologi
- Avdeling for fransk språk og litteratur
- Avdeling for engelsk språk og litteratur
- Avdeling for filosofi
- Avdeling for pedagogikk
- Program for studium av det antikke Hellas sin arkeologi, historie og litteratur[12]
- Fakultetet for samfunnsøkonomi og statsvitskap[13]
- Avdeling for samfunnsøkonomi
- Avdeling for Tyrkia-vitenskap og moderne asiatiske studium
- Avdeling for kommunikasjon og mediefag
- Avdeling for statsvitskap og offentleg administrasjon[14]
- Avdeling for sosiologi
- Avdeling for bediftsøkonomi
- Avdeling for havneforvaltning
- Avdeling for digital kunst og film
- Fakultetet for rettsvitenskap[15]
- Fakultetet for rettsvitskap
- Fakultetet for rettsvitskap
- Fakultetet for matematikk og naturvitskap[16]
- Avdeling for fysikk
- Avdeling for biologi
- Avdeling for geologi og geomiljø
- Avdeling for kjemi
- Avdeling for matematikk
- Avdeling for informatikk og telekommunikasjon
- Undervisningsfakultetet[17]
- Helsevitenskapelig fakultet[20]
- Avdeling for medisin
- Avdeling for odontologi (tannlegevitskap)
- Avdeling for farmasi
- Avdeling for sjukepleie
- Uavhengige fakultet[21]
- Fakultetet for kroppsøving og idrettsvitskap
- Fakultetet for grunnskolepedagogikk
- Fakultetet for barneskolepedagogikk
- Fakultetet for kommunikasjon og studium av massemedia
- Fakultetet for filosofi og vitskapshistorie
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «History and Perspectives» (på engelsk). Henta 28. oktober 2020.
- ↑ Helt korrekt ble Det joniske akademi etablert som et universitetlignende institusjon på Korfu i 1824 under britisk overherredømme og som kan utfordre kravet om å være det første gresk universitet
- ↑ Documentation of the Athens Academy public meeting hall[daud lenkje] (PDF)
- ↑ «Tο υπερσύγχρονο κτήριο της Nομικής Σχολής» (på gresk). Kapodistriako.uoa.gr. 2006
- ↑ «Schools and Departments». National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «School of agriculture, nutrition and sustainability». Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «Department of agricultural development, agrofood and management of natural resources». Τμήμα Αγροτικής Ανάπτυξης, Αγροδιατροφής και Διαχείρισης Φυσικών Πόρων (på gresk). Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «School of Theology». National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020. «The School of Theology consists of the Faculty of Theology and the Faculty of Social Theology and the Study of Religion»
- ↑ «School of Philosophy». National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020. «The School of Philosophy of the University of Athens is the most populous University School of Greece and consists of 11 Deparments and 15 study halls. The School offers a wide variety of studies in the fields of: classical and modern Greek, linguistics and literature of foreign cultures, classical and modern history, archaeology, pedagogy, psychology, slavic studies, theatrology and music.»
- ↑ «Department for Psychology - ΕΚΠΑ: Τμήμα Ψυχολογίας - Αρχική σελίδα». www.psych.uoa.gr. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «UoA: Faculty of Philosophy, Pedagogy and Psychology - Homepage». en.ppp.uoa.gr. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «baag.uoa.gr». BA in Archeology, History, and Literature of Ancient Greece (på engelsk). Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «School of Economics & Political Sciences». National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020. «The School of Economics and Political Sciences consists of the Deparment of Economics, the Department of Communication and Media Studies, the Deparment of Political Science and Public Administration, the Department of Turkish Studies and Modern Asian Studies, the department of Political Sciences, the Department of Sociology, the Department of Business Administration, the Department of Ports Management and the Department of Digital Art and Cinema»
- ↑ «NKUA: Department of Political Science and Public Administration - Homepage». en.pspa.uoa.gr. Henta 28. oktober 2020. «Welcome to the Department of Political Science and Public Administration of the National and Kapodistrian University of Athens»
- ↑ «School of Law». National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «School of Science». National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020. «The School of Science consists of the following Departments: Biology, Chemistry, Geology and Geoenvironment, History and Philosophy of Science, Informatics and Telecommunications, Mathematics, and Physics.»
- ↑ «School of Education». National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «Department of Early Childhood Education» (på engelsk). Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «Department of Primary Education - ΕΚΠΑ: ΠΤΔΕ - Αρχική σελίδα». www.primedu.uoa.gr. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «School of Health Sciences». National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «Independent Faculties»[daud lenkje]. uoa.gr.
- Denne artikkelen bygger på «Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mars 2021.