Konsulent som leigehjelp

Ein konsulent i tydinga leigehjelp er vanlegvis ein ekspert som blir leigd inn til ei bedrift eller ein offentleg etat for å løyse ei konkret problemstilling for ei avgrensa tid.

Tradisjonelt har dette vore ein person som innan ei profesjonell ramme tilbyr sin ekspertise innanfor eit avgrensa fagfelt, for eksempel IT, økonomi, teknologi, kommunikasjon eller jus.

Konsulentar arbeider ofte i konsulentbyrå som kan tilby fleire ulike konsulentar med ulike kunnskapar og med ein viss garanti for kompetansen til konsulentane. Fordi oppdraget konsulenten har oftast er for ei avgrensa tid, er løna gjerne ein god del høgare enn hos fast tilsette. Ein konsulent kan også vere ein ekspert med meir fast tilknyting til ei bedrift.

I dag blir ordet konsulent også ofte brukt for innleigd ekstrahjelp utan den kompetansen ein tradisjonelt har lagt i omgrepet konsulent.

Sjå også endre

Konsulent som stillingstittel