Kontinentalstiging
Kontinentalstiging er eit havbotnområde som ligg mellom kontinentalskråningar og djuphavssletter. Kontinentalstigingsområdet har ei slak stiging.[1] Kontinentalstiginga kan også reknast som del av djuphavsslettene.[2]
Ein finn kontinentalstigingsområde over heile verda. Dette er den siste delen av grensa mellom kontinenta og den djupaste delen av havet. Miljøet i kontinentalstiginsområdet er unikt, og blir grundig studert av oseanografar i håp om å finna ut meir om havet og geologisk historie.[treng kjelde]
I kontinentalstigingsområda kan ein finna undervasshøgder danna av store mengder oppsamla sediment.[3] Sedimenta er typisk sand og bitar av korall og stein.[treng kjelde]
Kjelder
endre- ↑ Bryhni, Inge (28. september 2014). «kontinentalstigning». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ «Landskap», www.ngu.no, henta 6. mai 2019
- ↑ Burk, C.A.; Drake, C.L. The Geology of Continental Margins. Springer. s. 18.
- Denne artikkelen bygger på «Continental rise» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2019.