Kontiolax

kommune i landskapet Norra Karelen i Finland

Kontiolax (finsk Kontiolahti) er ein kommune i landskapet Norra Karelen i det austlege Finland. I kring 14 500 menneske er busette i kommunen, som dekker eit landområde på 1 030 km², inkludert 230 km² vatn. Kontiolax ligg ved breidda av innsjøen Höytiäinen, rundt 20 km frå Joensuu.

Kontiolax
kommune
Land  Finland
Del av Savo-Karelia
Areal 1 029,82, 799,82, 230 km²
Folketal 15 157 (31. desember 2022)[1]
Kart
Kontiolax
62°46′0″ N 29°51′0″ E
Wikimedia Commons: Kontiolahti

Morsmålet er udelt finsk.

Kontolax er vide kjend som arrangør av skirenn i nordiske greiner og skiskyting, særleg det siste. Allereie i 1990 vart mennene sin VM-stafett i skiskyting gjennomført i Kontiolax, då han ikkje kunne avviklast i den ordinære VM-byen, Minsk i dåverande Sovjetunionen. Verdsmeisterskapen i skiskyting 1999 vart delvis avvikla her, men sterk kulde førte til at nokre av øvingane vart flytta. Også i 2015 gjekk VM i skiskyting i Kontiolax.

Kjelder endre