Konvolutt
Brevvær, konvolutt eller kuvert er eit omslag, vanlegvis av flatt materiale som papir eller papp, som blir brukt til å ha brev, kort eller gåver i. Papiret er bretta og limt i sidene. Ein kan også lukka konvolutten ved hjelp av lim eller eit segl.
Den første kommersielle konvolutten blei laga i 1876 av William Irwin Martin. I dag kan ein kjøpa konvoluttar på postkontor, i bokhandlar og i mange daglegvarebutikkar.
Internasjonale standardiserte storleikar
endreISO 269 definerer ulike standard konvoluttstorleikar for bruk med ISO 216 standard papirformat.
Format | Storleik (mm) | Berekna for papirformat |
---|---|---|
DL | 110 × 220 | 1/3 A4 |
C7/C6 | 81 x 162 | 1/3 A5 |
C6 | 114 × 162 | A6 (eller A4 bretta i halvt to gonger) |
C6/C5 | 114 × 229 | 1/3 A4 |
C5 | 162 × 229 | A5 (eller A4 bretta i halvt ein gong) |
C4 | 229 × 324 | A4 |
C3 | 324 × 458 | A3 |
B6 | 125 × 176 | C6 |
B5 | 176 × 250 | C5 |
B4 | 250 × 353 | C4 |
E3 | 280 × 400 | B4 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Konvolutt» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2020.