Koreografi (av klassisk gresk χορός, 'dans' og γράφειν 'skriva') er kunsten å skapa ein dans og å skildra dans slik at dei ulike delane av dansen, som rørsle, steg og posisjonar, kan uttrykkast som eit heile. Ordet «koreografi» visr også til den feridge dansekomposisjonen.[1] I den vidaste tydinga blir koreografi òg nytta for andre sekvensar med rørsle, for eksempel i kampsportscenar i filmar.

Steg og rørsler i balett blir nøye koreograferte. Bildet syner den franske ballerinaen og koreografen Wilfride Piollet i ei oppsetjing av Svanesjøen frå 1977.
Koreografisk notasjon til baletten La Bayadère.

Koreografi viste opphavleg til notasjon av danserørsler. Skriftlege oppteikningar av danserørsler blir gjerne kalla dansenotasjon.

Kjelde endre

  1. Svenska Akademiens ordbok: Koreografi