Kottmeier Mesa
Kottmeier Mesa er ein markant mesa på 2120 moh, 2,8 nautiske mil (5 km) nordvest for Mount J.J. Thompson i Asgard Range i Victoria Land. Fjellet er nesten heilt dekt av is. Toppen er 1,5 nautiske mil (2,8 km) lang og i snitt 0,5 nautiske mil (0,9 km) brei, og ligg oppom samløpet mellom David Valley, Bartleybreen, Matterhornbreen og nordsida av Rhonebreen, som alle får is frå dette fjellet. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (1997) etter Steven T. Kottmeier, som var forskar for United States Antarctic Program (USAP) 1981–87, og som undersøkte mikrobar på havisen i McMurdo Sound, i tillegg til krill nær iskantsonane i Bellingshausen-, Scotia- og Weddellhavet. Han var leiar ved laboratoriet på McMurdo-basen for ITT Antarctic Services 1988–90 og leiar for Laboratory Science 1990–96 og sjefsforskar frå 1997 for Antarctic Support Associates (ASA).
Kottmeier Mesa | |||
mesa | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Victoria Land | ||
• høgd | 2 120 moh. | ||
- koordinatar | 77°39′S 162°8′W / 77.650°S 162.133°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Kottmeier Mesa 77°39′S 162°09′E / 77.65°S 162.15°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kottmeier Mesa» (innhald frå Geographic Names Information System).