Kouvola er ein kommune og by i Finland. Kommunen ligg i landskapet Kymmenedalen. Etter den gamle lensinndelinga var Kouvola hovudstad i Kymmene län. Det bur 31&nbps;242 menneske i Kouvola, viss vi tar med nabokommunane som soknar til Kouvola sentrum blir talet 97 818, det vil seie Finlands niande største byregion.

Kouvola
kommune
Våpenskjold
Land  Finland
Fylke Kymenlaakso
Areal 2 560,06 km²
Folketal 88 215  (2009)
Grunnlagd 1875
Ordførar Lauri Lamminmäki
Språk finsk
Kart
Kouvola
60°52′05″N 26°42′15″E / 60.868055555556°N 26.704166666667°E / 60.868055555556; 26.704166666667
Wikimedia Commons: Kouvola

Kouvola vart i si tid danna ved krysset mellom fire jarnvegar. Etter dette har staden vakse til eit variert sentrum. Jarnvegane er banen via Lahtis og Riihimäki til Helsingfors, 2) banen til Kotka, 3) banen til S:t Michel og Pieksamäki, og banen til St. Petersburg. Banen til Russland er viktig for Kouvola, det er særleg ein stor trafikk av olje via jarnvegen frå Russland.

Kouvola er kjend for å ha ei underavdeling av Universitetet i Helsingfors som utdannar tolkar og omsetjarar.

I Kouvola finst det kjende tivoliet Tykkimäki.

Det finske innanriksdepartementet har gjort framlegg om at Kouvola skal bli slått saman med nabokommunane Anjalankoski, Elimäki, Jaala, Kuusankoski og Valkeala.

Bydelar endre

  • Eskolanmäki
  • Kankaronmäki
  • Kaunisnurmi
  • Sentrum
  • Kotiharju
  • Käpylä
  • Lehtomäki
  • Ojaniitty
  • Pikku-Palomäki
  • Ravikylä
  • Rekola
  • Sarkola
  • Tornionmäki
  • Vahtero
  • Vahteronmäki
  • Viitakumpu

Mal:Kommunar i landskapet Kymmenedalen