Kovrov (russisk Ковро́в) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 150 000 innbyggjarar (2007). Han ligg på høgresida av elva Kljazma, rundt 60 km aust for Vladimir.

Kovrov
Ковров
Kovrov jernbanestasjon
Kovrov jernbanestasjon
Kovrov jernbanestasjon
Flagget til Kovrov Byåpenet til Kovrov
Flagget til Kovrov Byvåpenet til Kovrov


Plassering
Kovrov is located in Russland
Kovrov is located in Vladimir oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Vladimir oblast
Grunnlagd
Bystatus
1100-talet
1778
Borgarmeister Irina Tabaskova
Geografi
Flatevidd
 - By

57 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

150 900
  2 647,4 /km²
Koordinatar 56°21′N 41°19′E / 56.350°N 41.317°E / 56.350; 41.317
Høgd over havet 125 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 601900–601919
Retningsnummer (tlf) (+7)49232
Nettstad: www.kovrov-online.ru/

Historie endre

Byen var frå 1100-talet og gjennom mellomalderen overskugga av den nærliggande Starodub-na-Kljazme, men Kovrov fekk omsider byrettar i 1778. På 1700-talet vart det etablert tekstilfabrikkar i Kovrov og med bygginga av jernbanen mellom Moskva og Nizjnij Novgorod, som er ein av dei eldste i Russland, kom ein økonomisk oppsving. Den store industrialiseringa følgde først i den kommunistiske epoken.

Økonomi og næringsliv endre

Byen er eit større senter for forsvarsindustrien i Russland, med hovudvekt innan mekaniske konstruksjonar, metallhandsaming, tekstil- og lettindustri, samt bygningsindustri.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre