Kljazma

Kljazma (russisk Клязьма) er ei elv i Moskva, Vladimir, Ivanovo og Nizjegorod oblast i Russland og ei av sideelvane til Oka frå venstre.

Kljazma
elv
Meshchera00.jpg
Kljazma i Vladmirskoj Mesjtsjore nær Petusjki
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 42 500 km²
Lengd 686 km
Middelvassføring 147 /s
Kjelde Nær Solnetsjnogorska
 - høgd 240 moh.
Munning Oka
 - høgd 67 moh.

Kljazma
56°9′5″ N 37°11′58″ E
Nedslagsfeltet til Kljazma innanfor nedslagsfeltet til Volga
Nedslagsfeltet til Kljazma innanfor nedslagsfeltet til Volga
Wikimedia Commons: Klyazma River

Etter Moskvaelva er ho den nest største sideelva til Oka med ei lengd på 686 km. Nedslagsfeltet hennar er på 42 500 km² og middelvassføringa 185 km frå munningen er 147 m³/s. Elva frys til i november og vert isfri att i byrjinga av april.

Elva har kjelda si i Moskvahøglandet nær Solnetsjnogorsk. Frå kjelda renn ho søraustover og i nærleiken av landsbyen Tsjerkizovo snur ho brått austover. Elva renn gjennom Kljaminkoje- og Pirogovskoje-reservoara. Breidda til elva vert somme stader over 200 meter og på det djupaste er ho 8 meter.

Dei største sideelvane hennar er Utsja, Vorja, Sjerna, Kirzjatsj, Peksja, Koloksja, Nerl, Uvol, Teza og Lukh frå venstre, og Polja, Sudogda og Suvorosj frå høgre.

Byar langs KljazmaEndra

KjelderEndra