Kråkvåg er ei øy og ei øygruppe i Ørland kommune i Trøndelag fylke. Øyane ligg lengst vest i kommunen, på utsida av Storfosna og like aust for Hitra.

Kråkvåg
Geografi
Stad Kråkvågfjorden
Koordinatar 63°38′38″N 09°19′49″E / 63.64389°N 9.33028°E / 63.64389; 9.33028

Høgaste punkt Høgfjellet (32 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Øyane som samla vert omtalt som Kråkvåg er eigentleg Storslåttøya, Litjslåttøya, Kråkvågøy og Kommersøya. Øyane husar om lag 50 innbyggjarar, og det er ein avgrensa men aukande hyttebygging. Folket på Kråkvåg lever av landbruk og fiskeforedling. Nokre pendlar òg til fastlandet, ein reise som er redusert fra 60 til 30 minuttar etter at brua kom.

Som ein del av Kystartilleriet vart Kråkvåg fort bygd inn i fjellet i løpet av 1980-talet, til ein kostnad på omkring 1 milliard kroner. Fortet er no i realiteten nedlagd, da det ikkje lenger har nokon rolle i dei gjeldande planer for forsvaret av Noreg. Investeringene var derimot viktig for utviklinga av det sivile samfunn, med auka ferjetrafikk, bygging av samfunnshus og ved at fyllmasse vart nytta til oppfylling av fjøreområde som i dag er landbruksjord.

Det grunne havområdet (svaet) mellom Kråkvåg og Storfosna er freda som Kråkvågsvaet fuglefredningsområde [1]. Fredinga var likevel ikkje til hinder for at det lèt seg gjere å bygge molo og bru mellom Kråkvåg og Storfosna. Brua vart opna hausten 2003.

Øya hadde eigen skule fram til 2003. Borna går no på Storfosna skole. Den tidlegare skulen er overtatt av velforeininga.

Øya har postkontor og postadresse 7152 Kråkvåg. Postkontoret vart oppretta i 1949.[2]

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 12. april 2008 
  2. Jon Bakken, mfl. Posten 350 år, historisk utvikling i kommunene Ørland, Bjugn, Rissa. Trondheim, 1997.