Hovudskalle
(Omdirigert frå Kraniet)
Hovudskalle, haus eller kranium er eit skjelett av hovudet og er samansett av fleire bein som er tett sameina med saumar, tagga fuger som vert utvikla i løpet av dei fyrste leveåra. Den einaste rørlege delen er underkjevebeinet. Hjerneskallen omgjev hjernen. Den kvelvande overparten utgjer først og fremst pannebeinet og issebeinet, mens botnen i hjerneskallen, skallebasis, vert danna av nakkebeinet, tinningbeina, kilebeinet og silbeinet. Beina i andletet er kinnbeina, overkjevebeina, underkjevebeinet og nasebeinet.
Hovudskallen til mennesket, sett framme og frå sida. |
Sjå òg
endreKjelder
endreBakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hovudskalle