Hovudskalle

(Omdirigert frå Kranium)

Hovudskalle, haus eller kranium er eit skjelett av hovudet og er samansett av fleire bein som er tett sameina med saumar, tagga fuger som vert utvikla i løpet av dei fyrste leveåra. Den einaste rørlege delen er underkjevebeinet. Hjerneskallen omgjev hjernen. Den kvelvande overparten utgjer først og fremst pannebeinet og issebeinet, mens botnen i hjerneskallen, skallebasis, vert danna av nakkebeinet, tinningbeina, kilebeinet og silbeinet. Beina i andletet er kinnbeina, overkjevebeina, underkjevebeinet og nasebeinet.

Menneskeskallen sett ventralt.
Menneskeskallen sett ventralt.
Menneskeskallen sett lateralt.
Menneskeskallen sett lateralt.
Hovudskallen til mennesket, sett framme og frå sida.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hovudskalle
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.