Krasnoje Selo (russisk Кра́сное Село́, tyder 'vakker landsby') er ein by i Sankt Petersburg i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 25 km sørvest for sentrum av St. Petersburg.

Krasnoje Selo
Красное Село
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Krasnoje Selo is located in Russland
Krasnoje Selo is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt St. Petersburg
Grunnlagd
Bystatus
1700-talet
1925
Geografi
Flatevidd
 - By

18,25 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2002)
   - folketettleik

44 081
  2 415,4 /km²
Koordinatar 59°44′00″N 30°05′00″E / 59.73333°N 30.08333°E / 59.73333; 30.08333
Høgd over havet 100 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 198000
Nettstad: www.krasnoe-selo.ru

Krasnoje Selo vart grunnlagd tidleg på 1700-talet som ein landsby sør for St. Petersburg. I 1764 hadde landsbyen ein papirfabrikk, som låg ved vegen til St. Petersburg. På 1800-talet utvikla Krasnoje Selo seg til å verte ein rekreasjonsforstad til hovudstaden, med mange datsjaer og villaer, mellom anna tsarene sine sommarresidensar. I 1884 testa den kjende flykonstruktøren Aleksander Mozjajskij sitt tidlege monoplan der og oppnådde eit motorassistert take off eller «hopp» på 60 – 100 meter.

Krasnoje Selo fekk bystatus i 1925 og vart i 1973 lagt inn under byen Leningrad sitt styre.

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.